Krønikebøkene 30:16
Og dei stelte seg på plassarne sine, so som det var deim fyreskrive, etter lovi åt gudsmannen Moses, og prestarne skvette blodet, som dei fekk av levitarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 1:5So skal han slagta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal bera fram blodet, og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet.
2 Kings 11:14Der fekk ho då sjå kongen standa på den høge tramen, som skikken var, og hovudsmennerne og lurblåsarane attmed kongen, og alt landsens folk som fegnast og bles i lur. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing, samansverjing!»
2 Chronicles 35:10Soleis fekk dei tenesta i fast skikk, og prestarne stod på sin stad og levitarne etter sine skift, so som kongen hadde bode.
2 Chronicles 35:15Songarane, Asafs-sønerne, stod på plassen sin, som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde bode, og dørvaktarane ved kvar sin port; dei turvte ikkje ganga ifrå tenesta; for levitarne, brørne deira, laga til åt deim.