Krønikebøkene 31:10
svara øvstepresten Azarja av Sadoks hus honom: «Sidan dei tok til å føra offergåva til Herrens hus, hev me ete oss mette og leivt mykje att, for Herren hev velsigna folket sitt, so me hev fenge leivt all denne rikdomen.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Då so Hizkia spurde prestarne og levitarne um haugarne,
11Hizkia gav då det bodet at dei skulde laga til buder i Herrens hus; og då dei hadde laga slike,
Cross References
Genesis 26:12Isak sådde der i landet, og det året fekk han hundrad foll; for Herren velsigna honom.
Genesis 39:5Og alt ifrå den tid han hadde sett honom yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark.
Exodus 36:7Men det vyrket som var frambore var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast.
Leviticus 26:4so skal eg senda dykk regnet i rette tid, når det treng det, og jordi skal gjeva si grøda, og hagetrei si alda.
Deuteronomy 28:8Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjå deg i buderne dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl uti det landet han hev etla deg.
2 Kings 4:43«Kor kann eg setja fram dette åt hundrad mann?» spurde tenaren. «Gjev folki å eta!» svara han; «Herren segjer: «Dei skal eta og endå leiva.»»