Krønikebøkene 32:31
Soleis og då sendebodi kom frå Babels-fyrstarne, som sende bod til honom og vilde høyra um det underteiknet som hadde hendt i landet, då gjekk Gud frå honom berre soleis, at han sette honom på prøva, so han kunde få fullrøynt huglyndet hans.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 22:1Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sagde til honom: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»
Deuteronomy 8:16han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg.
Judges 16:20Og Dalila ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og tenkte: «Eg skal gjera meg fri og rista meg laus, som so mang ein gong fyrr;» for han visste ikkje at Herren hadde vendt seg ifrå honom.
2 Kings 20:11Profeten Jesaja ropa til Herren, og han let skuggen på solskiva åt Ahaz ganga attlenges dei ti striki som han nett hadde gjenge fram.
Job 1:11Men rett ut handi di og rør ved alt det han eig - då skal han so visst banna deg upp i andlitet!»
Psalms 27:9Løyn ikkje di åsyn for meg, vis ikkje din tenar frå deg i vreide! Du hev vore mi hjelp. Støyt meg ikkje burt og forlat meg ikkje, du Gud som er mi frelsa!