Krønikebøkene 33:3
Han bygde upp att offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde rive ned, og sette upp altari for Ba’als-gudarne og gjorde Astarte-bilæte og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 16:21Du skal ikkje setja noko tre som er vigt til Asjera attmed altaret som du byggjer åt Herren, din Gud.
Judges 2:11då gjorde Israels-sønerne det som var Herrens imot, og dyrka Ba’als-bilæti;
1 Kings 14:23Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;
2 Kings 21:3Han bygde upp att dei offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde lagt i øyde, og reiste altar for Ba’al og laga Astarte-bilæte, liksom Ahab, Israels-kongen, hadde gjort, og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.
2 Kings 23:11Han fekk burt dei hestarne som Juda-kongarne hadde sett upp til æra for soli ved inngangen til Herrens hus, ved kammerset til hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; og solvognerne brende han upp.
2 Chronicles 28:24Ahaz samla dei tingi som fanst i Guds hus og slo deim sund; han stengde dørerne til Herrens hus og bygde seg altar ved kvart hyrna i Jerusalem.