Krønikebøkene 33:4
Og han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera æveleg.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Og han bygde altar for heile himmelheren i båe tuni kring Herrens hus.
Cross References
1 Kings 8:29og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
2 Kings 16:11Og presten Uria bygde altaret; heilt etter den fyreskrift kong Ahaz hadde sendt frå Damaskus, soleis gjorde presten Uria det ferdigt, til dess kong Ahaz kom heim.
2 Kings 21:4Ja, han bygde altar i Herrens hus, der som Herren hadde sagt: «Til Jerusalem vil eg festa namnet mitt.»
2 Chronicles 6:6men no hev eg valt Jerusalem til at namnet mitt kann bu der, og eg hev kåra David til å styra yver Israel, folket mitt.»
2 Chronicles 32:19Og dei tala um Jerusalems Gud på same måten som um folkegudar på jordi, dei som er verk av mannehender.
2 Chronicles 34:3I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, far sin, og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugarne og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti.