Krønikebøkene 34:12
Mennerne arbeidde trufast, og tilsynet med deim var gjeve til levitarne Jahat og Obadja av meraritarne, og Zakarja og Mesullam av kahatitarne, so dei skulde vera formenner, og alle dei levitar som kunde handsama spelgogner.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 12:15Dei kravde ingen rekneskap av deim som tok imot pengarne og gav deim til arbeidarane; dei fekk gjera det på tru og æra.
1 Chronicles 6:31So var det dei som David sette til å greida med songen i Herrens hus, etter at kista hadde fenge ein kvilestad.
1 Chronicles 16:4Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud.
1 Chronicles 23:5fire tusund skal vera dørvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognerne som eg hev late gjera til lovsongen.»
1 Chronicles 25:7Og talet på deim og frendarne deira, som var upplærde i songen for Herren, alle dei kunnige, det tvo hundrad og åtte og åtteti.
Ezra 3:9Og Jesua med sønerne og brørne sine, og Kadmiel med sine søner, Juda-sønerne, alle som var sette til å hava uppsyn med deim som bygde på Guds hus, sameleis Henadads-sønerne med sine søner og brør, levitarne.