Krønikebøkene 35:24
Tenarane hans bar honom då burt ifrå vogni og køyrde honom på den andre vogni hans og førde honom til Jerusalem, og der døydde han. Dei gravlagde honom i graverne åt federne hans, og heile Juda og Jerusalem syrgde yver Josia.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 23:30Folket hans køyrde liket frå Megiddo til Jerusalem og gravlagde honom i hans eigi grav. Og folket i landet tok Joahaz Josiason og salva honom til konge i staden for faren.
2 Chronicles 34:28So vil eg då samla deg til federne dine, so du kann samlast med deim i gravi di i fred; og augo dine skal sleppa sjå all den ulukka som eg vil føra yver denne staden og folket som bur her.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.
Ecclesiastes 8:14Det er noko fåfengt som hender på jordi, at det finst rettferdige som fær sin lagnad etter gudlause folks gjerning, og det finst gudlause som fær sin lagnad etter rettferdige folks gjerning. Eg sagde at det var fåfengd det og.
Zechariah 12:11På den dagen skal jammeren verta stor i Jerusalem liksom jammeren ved Hadadrimmon på Megiddosletta.