Krønikebøkene 35:8
Og hovdingarne hans gav friviljugt til folket, til prestarne og levitarne; Hilkia og Zakarja og Jehiel, som var dei øvste i Guds hus, gav prestarne tvo tusund seks hundrad lamb og kid til påskeoffer, og tri hundrad stykke storfe.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 24:4Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.
1 Chronicles 29:17Og eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i det som rett er. Med ærlegt hjarta hev eg bore fram alle desse gåvorne sjølvviljugt, og no hev eg set med gleda korleis folket ditt, som her stend, hev sjølvviljugt bore fram åt deg gåvorne sine.
2 Chronicles 31:13Og Jehiel, Azazja, Nahat, Asael, Jerimot, Jozabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja var tilsynsmenner jamsides med Konanja og Sime’i, bror hans, etter påbodet kong Hizkia og Azazja, den øvste i Guds hus.
Ezra 1:6Og alle grannarne deira hjelpte deim til med gåvor: sylv og gull, lausøyre og bufe og dyrverdige gåvor, umfram alt det som dei sjølve gav godviljugt.
Ezra 7:16sameleis alt sylv og gull som du fær i heile Babels jarlerike, og dei gåvor som folket og prestarne godviljugt til huset åt sin Gud i Jerusalem.
Nehemiah 7:70Nokre av ættehovdingane ytte pengehjelp til arbeidet. Jarlen lagde i kassa fem tusund dalar i gull, femti skåler, og fem hundrad og tretti prestekjolar.