Krønikebøkene 36:21
so Herrens ord i Jeremias munn skulde verta uppfyllt, til dess landet fekk njota si kvild; alt med det låg i øyde, fekk det kvila til dess sytti år var lidne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:34Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet - ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine;
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
Jeremiah 26:6då vil eg fara åt med dette huset likeins som med Silo, og alle folkeslag på jord bruka denne byen til ei våbøn.
Jeremiah 29:10For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.
Zechariah 1:4Ver ikkje like federne dykkar som dei fyrre profetarne varsla med desse ordi: «So segjer Herren, allhers drott: Vend då um frå dei vonde vegarne dykkar og dei vonde gjerningarne dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
Zechariah 7:14men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.