Krønikebøkene 6:33
då må du høyra frå himmelen, frå den staden der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 17:46I dag skal Herren gjeva deg i mitt vald. Eg skal fella deg og hogga hovudet ditt av deg. Dei daude skrottarne til filistarheren skal eg i dag gjeva åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki, so all jordi skal skyna at Israel hev ein Gud,
2 Kings 19:19Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!»
Psalms 22:27Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psalms 67:2Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - Sela -
Psalms 138:4Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.
Isaiah 49:6han segjer: «D’er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og Israels leivningar føra til meg. So vil eg gjera deg til heidningljos, at mi frelsa kann nå til enden av jordi.»