Krønikebøkene 7:17
Um du no ferdast for mi åsyn soleis som David, far din, ferdast, so du gjer alt det som eg hev bode deg, og held lovorne og rettarne mine,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:1Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.
1 Kings 3:14Og vil du fara på mine vegar, so du held loverne og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg lata livedagarne dine verta mange.»
1 Kings 9:4Ferdast du no for mi åsyn liksom David, far din, ferdast, i hjartans reinleik og i ærlegdom, so du gjer alt det som eg hev sagt deg fyre, held loverne og rettarne mine,
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
Psalms 105:45at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!
Zechariah 3:7«So segjer Herren, allhers drott: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine fyresegner, so skal du både få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg lov til å ferdast millom desse som her stend.