Krønikebøkene 8:14
Og etter fyresegni åt David, far sin, sette han prestskifti til sine tenestor, og levitarne til sine tenestor, til å lovsyngja og ganga prestarne til handa etter som det turvest for kvar dag, og sameleis dørvaktarflokkarne kvar ved sine portar; for soleis hadde gudsmannen David bode.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 33:1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.
1 Kings 13:1Men nettupp då Jerobeam stod ved altaret og vilde kveikja offereld, kom det på Herrens bod ein gudsmann frå Juda til Betel.
1 Chronicles 9:17Og dørvaktarane: Sallum og Akkub og Talmon og Ahiman og brørne deira; Sallum var hovdingen.
1 Chronicles 15:16Og David baud levithovdingarne at dei skulde stella brørne sine, songarane, fram med spel, harpor, cithrar og cymblar, som dei skulde låta på medan dei let gledesongen ljoma.
1 Chronicles 16:42Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar.
1 Chronicles 23:6Og David skifte deim i skift etter sønerne åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.