2 Corinthians 7:10
For sorgi etter Gud verkar umvending til frelsa, som ingen angrar; men sorgi til verdi verkar daude.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 30:1Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si, og sagde med Jakob: «Lat meg få born, elles so døyr eg!»
2 Samuel 12:13David svara Natan: «Synda hev eg mot Herren.» Natan sagde til David: «So hev Herren ogso ettergjeve deg skuldi di; du skal ikkje døy.
2 Samuel 17:23Då Ahitofel såg at dei ikkje fylgde rådi hans, sala han asnet sitt, steig uppå og reid heim til sin by. Og då han hadde skila for seg, hengde han seg. Det var hans bane. Han vart gravlagd i gravi åt far sin.
1 Kings 21:4Då gjekk Ahab heim, mismodig og harm for det svaret jisre’eliten Nabot hadde gjeve honom då han sagde: «Eg vil ikkje gjeva deg fedrearven min.» Og han lagde seg i sengi og snudde seg burt og vilde ikkje eta.
Proverbs 15:13Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg.
Proverbs 17:22Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.