Første Krønikebok 1:3
Herrens engel sagde då til Elia frå Tisbe: «Gakk til møtes med sendeferdi frå Samaria og seg med deim: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan de fer av og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 1
Cross References
1 Kings 11:33Det skal ganga so, for di dei hev vike ifrå meg og bede til Astarte, sidonarguden, til Kamos, Moabs-guden, og til Milkom, ammonitarguden, og ikkje gjenge mine vegar, ikkje gjort det som rett er i mine augo, eller halde loverne mine og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.
1 Kings 18:1Ei lang tid deretter, det var tridje året, kom Herrens ord til Elia, soleis: «Gakk av stad og stig fram for Ahab, so skal eg sidan lata det regna yver jordi.»
1 Kings 19:5So lagde han seg til å sovna under ein einerunne. Men då tok ein engel i honom og sagde: «Statt upp og et!»
1 Kings 21:17Men Herrens ord kom til Elia frå Tisbe soleis:
2 Kings 1:6Dei svara: «Det kom ein mann til møtes med oss. «Snu heim att til kongen som sende dykk,» sagde han, «og meld honom at so segjer Herren: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub? Difor, or sengi du er lagd i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»»
2 Kings 1:15Då sagde Herrens engel til Elia: «Gakk med honom! Ver ikkje rædd for honom!» So stod han upp og gjekk med honom til kongen.