Første Krønikebok 1:9
So sende han ein femtimanns-førar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat øvst på fjellet, og ropa til honom: «Du gudsmann, kongen byd deg koma ned!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 1
Cross References
1 Kings 17:18Då sagde ho til Elia: «Kva hev du, gudsmann, å gjera hjå meg? Du er komen til meg for å draga synda mi fram i minnet, so son min måtte døy.»
1 Kings 18:10So sant Herren, din Gud, liver, det finst ikkje det folk eller det rike utan at herren min hev sendt bod til det og leita etter deg; og når dei sagde: «Her er han ikkje,» so let han det riket eller det folket sverja på at dei ikkje kunde finna deg.
1 Kings 19:2Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.»
1 Kings 22:26Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
2 Kings 4:25So gav ho seg i veg og kom til gudsmannen på Karmelfjellet. Då gudsmannen gådde henne eit stykke burte, sagde han med Gehazi, drengen sin: «Sjå der kjem Sunems-kona!
Amos 7:12Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet!