Første Krønikebok 12:4
Joas gav prestarne det bodet: «Alle pengarne som kjem til Herrens hus i heilage gåvor, ålgjengd mynt, og i løysepengar for einkvan, sameleis alle pengar som einkvan sjølvminnt gjev åt Herrens hus,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 12
Cross References
Exodus 30:12«Når du held manntal yver Israels-folket, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same dei vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver deim for teljingi skuld.
Exodus 35:22Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
Exodus 36:3Og dei fekk hjå Moses alt tilfanget til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, alle dei gåvorne som Israels-borni var kome med. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til honom kvar morgon.
Leviticus 27:2«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når ein hev lova å vigja seg sjølv eller eit anna menneskje til Herren, og sidan vil løysa seg frå lovnaden med penger, so skal du verdsetja den som er burtlova:
Leviticus 27:31Vil ein løysa att noko av tiendi, skal han leggja femteparten yver verdet.
1 Kings 3:3Salomo elska Herren so han fylgde fyresegnerne åt David, far sin. Men ofra på haugarne og brende røykjelse der, gjorde han.