Første Krønikebok 17:13
Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Dei tente steingudarne, det som Herren hadde sagt dei ikkje måtte gjera.
14Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud.
Read all of Første Krønikebok 17
Cross References
Deuteronomy 4:26so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde.
Deuteronomy 31:21Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.»
Judges 6:8då sende Herren ein profet til deim, og han sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg førde dykk upp frå Egyptarland, og henta dykk ut or slavehuset,
Judges 10:11Og Herren sagde til Israels-sønerne: «Hev eg’kje berga dykk frå egyptarane og frå amoritarne, frå Ammons-sønerne og frå filistarane?
1 Samuel 12:7Stig no fram! so vil eg gjera upp med dykk framfor Herren for alle Guds vise verk, som han hev gjort mot dykk og mot federne dykkar.
1 Kings 16:7Men gjenom profeten Jehu Hananison var Herrens ord kome til Baesa og huset hans både for alt det han gjorde som Herren mislika, då han harma honom med det som henderne hans gjorde i likskap med Jerobeams hus, og for det at han hadde slege dette i hel.