Første Krønikebok 17:18
Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 17
Cross References
Deuteronomy 32:20og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
Joshua 23:13so skal de vita for visst at Herren, dykkar Gud, aldri vil driva desse folki ut for dykk; men dei skal verta til ei snara og ei fella for dykk, og til ei svipa yver ryggen og tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gilde landet som Herren, dykkar Gud, hev gjeve dykk.
Judges 18:30Der sette dei upp att gudsbilætet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses’ son, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt.
1 Kings 11:32men den eine ætti skal han få hava for David skuld, tenaren min, og for Jerusalem skuld, den byen eg hev valt millom alle Israels fylke.
1 Kings 12:20Men då heile Israel frette at Jerobeam var komen att, sende dei bod og bad honom til tings og kåra honom til konge yver heile Israel; det var ingen som heldt fast på Davids hus, so nær som Juda-ætti åleine.
2 Kings 21:14Eg støyter ifrå meg deim som er att av arvluten min, og gjev deim i fiendevald, so dei vert til ran og til herfang for alle sine fiendar.