Første Krønikebok 18:24
Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 18
Cross References
Deuteronomy 17:16Men han skal ikkje halda mange hestar, og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: «Den vegen skal de ikkje fara meir!»
2 Kings 18:21Ja, det er sant: du lit på Egyptarland, den brotna røyrstaven, som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle som lit på honom.
Isaiah 10:8Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?
Isaiah 31:1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
Isaiah 36:6Ja, det er sant, du lit på Egyptarland, den brotne røyrstaven som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle deim som lit på honom.
Jeremiah 37:7So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland.