Første Krønikebok 2:16
So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 2
Cross References
1 Kings 18:12Um det no gjeng so, når eg er gjengen ifrå deg, at Herrens Ande tek deg burt til ein stad eg ikkje kjennar, og eg like vel kjem til Ahab med bod um det, so drep han meg, når han ikkje finn deg. Og tenaren din hev då ottast Herren like frå ungdomen.
Ezekiel 8:3Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm.
Ezekiel 40:2I syner frå Gud førde han meg til Israelsland. Og han sette meg ned på eit ovhøgt fjell, og uppå det var det liksom ein uppbygd by i sud.
2 Corinthians 12:2Eg kjenner eit menneskje i Kristus - um han var i likamen, det veit eg ikkje, eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen.