Første Krønikebok 24:2
Herren sende då imot honom kaldæiske, syriske, moabitiske og ammonitiske røvarflokkar. Han sende deim mot Juda til å øyda landet, etter Herrens ord, som han hadde tala ved tenarane sine, profetarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 24
Cross References
2 Kings 6:23Han kosta på deim eit stort gjestebod; og då dei hadde ete og drukke, let han deim ganga. Og dei for attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire syriske herjeflokkar inn i Israelslandet.
2 Kings 20:17Dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.
2 Kings 22:16So segjer Herren: Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alt det som stend i boki som Juda-kongen las,
2 Chronicles 33:11So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel.
Isaiah 6:11Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark,
Isaiah 13:5Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.