Første Krønikebok 25:6
Dei fanga då kongen og førde honom upp til Ribla til Babel-kongen. Der fekk han sin dom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 25
Cross References
2 Kings 23:33Farao Neko fengsla honom i Ribla i Hamatlandet, og gjorde soleis ende på styringi hans i Jerusalem. Han lagde skatt på landet: tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull.
Jeremiah 21:7Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
Jeremiah 34:21Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.
Jeremiah 52:9Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom.
Ezekiel 17:20Og eg vil breida ut garnet mitt yver honom, og han skal verta fanga i mitt net. Og eg vil føra honom til Babel og ganga til doms med honom der for sviket han sette upp imot meg.