Første Krønikebok 6:32
Sende han so ein fyre seg til Elisa, der han sat i heimen saman med dei øvste. Men fyrr bodet kom til honom, sagde han med dei øvste: Skynar de at denne mordarsonen hev sendt ein mann hit til å taka hovudet mitt? Sjå no til og lat att døri, og haldt henne stengd når bodet kjem! Høyrer det ikkje stigi til herren hans bak honom?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 6
Cross References
1 Kings 14:6Då no Ahia høyrde fotstigi hennar i det same ho kom inn døri, sagde han: «Kom inn, du kona åt Jerobeam! Kvi ber du deg åt liksom du var framand? Eg er send til deg med eit hardt bod.
1 Kings 18:13Hev dei ikkje fortalt deg, herre, kva eg gjorde då Jezabel drap Herrens profetar? Då gøymde eg hundrad mann av Herrens profetar i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytte for deim med brød og vatn.
1 Kings 21:13og dei tvo uvyrdne kararne kom og sette seg midt imot honom, og uvyrdorne vitna imot Nabot for folket og sagde: «Nabot hev banna Gud og kongen.» So førde dei honom utanfor byen og kasta stein på honom til han døydde.
2 Kings 5:26Då sagde han: «Tru eg ikkje fylgde deg i åndi då ein mann snudde seg frå vogni og møtte deg? Er det no tid å taka imot sylv og få seg klæde og oljetre og vinhagar og sauer og bufe og tenarar og ternor?
Jeremiah 11:18Og Herren let meg få vita det, so no veit eg det; då synte du meg deira framferd.
Ezekiel 14:1Og det kom til meg nokre av styresmennerne i Israel og sette seg for mi åsyn.