Første Krønikebok 9:7
Slå i hel ætti åt Ahab, herren din! Eg vil hemna blodet åt profetarne, tenarane mine, ja, blodet åt alle Herrens tenarar hemnar eg på Jezabel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første Krønikebok 9
Cross References
Deuteronomy 32:43Love hans tenarar, lydar! Hemna vil han deira blod; mot valdsmannen vender han våpni, og løyser sitt land og sin lyd.»
1 Kings 21:15Då Jezabel høyrde at Nabot var steina i hel, sagde Jezabel til Ahab: «Statt upp, eigna til deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot, den som han ikkje vilde gjeva deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live, han er dåen.»
1 Kings 21:25Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.
2 Kings 10:11Jehu slo i hel alle som var att av Ahabs hus i Jizre’el, like eins alle stormennerne hans og venerne hans og prestarne hans, so ingen vart att eller slapp undan.
Matthew 23:35so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.
Romans 12:19Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.»