2 Peter 3:15
Og agta det langmod vår Herre viser, som ei frelsa, som og vår kjære bror Paulus hev skrive til dykk etter den visdom som han hev fenge,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 31:6Og til hjelpesmann hev eg gjeve honom Åhåliab, son åt Akhisamak av Dans-ætti, og i alle hage menner hev eg lagt kunstnargåva, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg:
Exodus 35:35Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.
1 Kings 3:28Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.
Ezra 7:25Og du, Ezras, må, etter den visdom du hev fenge frå din Gud, setja domarar og lovlærde folk til å døma manna millom hjå alt folket på hi sida elvi, alle dei som kjenner loverne åt din Gud; og den som ikkje det gjer, honom skal du læra å kjenna deim.
Ecclesiastes 2:26For den mannen som er honom til hugnad, gjev han visdom og kunnskap og gleda. Men den som syndar, gjev han strævet med å samla og draga i hop so den som er til hugnad for Gud kann få det. Det og er fåfengd og jag etter vind.
Luke 21:15Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.