2 Peter 3:9
Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, då han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 18:23Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut, og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.»
Exodus 33:11Og Herren tala med Moses, andlit mot andlit, som ein mann talar med grannen sin. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men Josva, Nunssonen, som var fylgjesveinen hans og gjekk honom til handa, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.
Psalms 86:15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap.
Isaiah 46:13Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa skal ikkje drygja. Eg gjev frelsa i Sion og til Israel min herlegdom.
Luke 18:7«skulde so’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim?
Romans 9:22Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang,