Første kongebok 14:19
Kongen spurde: «Hev ikkje Joab si finger med i dette spelet?» Kona svara: «So sant som du liver, herre konge, når du talar, herre konge, kann ingen koma undan anten til høgre eller vinstre. Jau, det er Joab, tenaren din, som hev lagt dette på meg, og lagt tenestkvinna di i munnen alt det eg hev sagt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første kongebok 14
Cross References
Exodus 4:15Honom skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal signa både din munn og hans munn, og læra dykk kva de skal gjera.
Deuteronomy 5:32So kom då i hug å gjera som Herren, dykkar Gud, hev sagt dykk! Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre!
Joshua 1:7Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.
1 Samuel 17:55Då Saul såg David ganga imot filistaren, sagde han med Abner, herhovdingen sin: «Abner, kven er den guten son til?» Abner svara: «So visst som du liver, konge! eg veit ikkje.»
1 Samuel 25:26Og no, herre! so sant som Herren liver, og so sant du sjølv liver, og Herren hev meinka deg frå blodskuld og sjølvtekt - gjev det må ganga med uvenerne dine og alle som lurer på å gjera deg mein, like eins som det gjeng med Nabal!
2 Samuel 3:29Må det koma yver Joab og heile ætti hans! Gjev det aldri må vanta i ætti åt Joab folk som hev flod eller spillsykja, som styd seg på krykkja eller fell for sverd, eller saknar mat!»