2 Samuel 21:14
og gravlagde deim saman med beini etter Saul og Jonatan, son hans, i Benjaminslandet, i Sela, i gravi åt Kis, far hans. Dei gjorde alt det kongen baud. Og etterpå det vende Gud sin nåde til landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 25:8og gjekk etter mannen inn i koven, og rende spjotet gjenom deim båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-folket.
Joshua 7:26Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver honom; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.
1 Samuel 10:2Når du gjeng frå meg, kjem du til å møta tvo menner attmed Rakel-gravi, ved landskilet mot Benjamin ved Selsah. Dei skal segja med deg: «Asnorne du leita etter, er attfunne; far din kjem difor ikkje i hug asnorne meir; men han er illhuga for dykk og segjer: «Kva skal eg gjera for son min?»»
2 Samuel 4:12David baud sveinarne sine drepa deim, og hogga av deim hender og føter og hengje deim upp attmed Hebrontjørni. Hovudet hans Isboset tok dei og gravlagde i Abners grav i Hebron.
1 Kings 18:40Då sagde Elia til deim: «Tak Ba’als-profetarne, lat ingen av deim sleppa undan!» Og dei tok dem, og Elia styrde deim ned til Kisonbekken og let deim drepa der.
Joel 2:18Då gløddest Herren upp for sitt land, og han sparde sitt folk.