2 Timothy 1:9
han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 14:26Dette er den råd som Herren hev teke mot all jordi; og dette er den hand som er utrett mot alle folk.
Matthew 11:25I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!
John 6:37Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;
John 17:9Eg bed for deim; eg bed ikkje for verdi, men for deim som du hev gjeve meg; for dei er dine,
Acts 2:47medan dei lova Gud og hadde ynde hjå alt folket. Men kvar dag lagde Herren til kyrkjelyden deim som let seg frelsa.
Romans 3:20sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd.