Apostelgjerningane 1:14
Alle desse heldt samstendige ved i bøn saman med nokre kvinnor og Maria, Jesu mor, og brørne hans.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Apostelgjerningane 1
Cross References
Matthew 12:46Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom.
Matthew 18:19Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.
Matthew 27:55Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.
Mark 15:40Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom deim var både Maria Magdalena, og Maria mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,
Luke 8:2og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor,
Luke 11:13Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?»