Apostelgjerningane 19:8
Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Desse mennerne var umkring tolv i alt.
Read all of Apostelgjerningane 19
Cross References
Acts 9:20Og straks forkynte han Jesus i synagogorne, at han er Guds Son.
Acts 13:46Då tok Paulus og Barnabas til ords og sagde beint ut: «Det var naudsynlegt at Guds ord vart tala fyrst til dykk; men sidan de støyter det burt og ikkje dømer dykk sjølve verdige til det ævelege liv, sjå, so vender me oss til heidningarne.
Acts 17:1Då dei hadde fare gjenom Amfipolis og Apollonia, kom dei til Tessalonika, der jødarne hadde synagoga.
Acts 18:4Men han heldt samtalar i synagoga kvar kviledag og yvertydde jødar og grækarar.
Acts 19:9Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus.
Acts 28:23Då dei hadde fastsett ein dag for honom, kom det ein større flokk til honom der han budde; og han lagde då ut for deim og vitna um Guds rike og søkte å yvertyda deim um Jesus ut av Mose lov og profetarne, frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.