Apostelgjerningane 28:23
Då dei hadde fastsett ein dag for honom, kom det ein større flokk til honom der han budde; og han lagde då ut for deim og vitna um Guds rike og søkte å yvertyda deim um Jesus ut av Mose lov og profetarne, frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
24Og nokre vart yvertydde ved det han sagde, men andre var vantruande.
Read all of Apostelgjerningane 28
Cross References
Luke 24:44So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.»
Acts 8:35Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus.
Acts 18:4Men han heldt samtalar i synagoga kvar kviledag og yvertydde jødar og grækarar.
Acts 19:8Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.
Acts 26:6Og no stend eg her og skal verta dømd for von um lovnaden som Gud gav federne,
Philemon 1:2og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus: