Apostelgjerningane 4:13
Men då dei såg slikt frimod hjå Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde lækfolk, undra dei seg; og dei kjende deim, at dei hadde vore med Jesus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Apostelgjerningane 4
Cross References
Matthew 4:18Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
Matthew 26:57Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla.
Matthew 26:73Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.»
Luke 22:52So sagde han til deim som var komne og skulde taka honom, øvsteprestarne og tempelhovdingarne og styresmennerne: «De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!
John 7:15Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?»
John 18:16men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.