Apostelgjerningane 4:26
Kongarne på jordi reiste seg, og hovdingarne samla seg saman imot Herren og imot den han salva.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
25du som sagde gjenom din tenar Davids munn: «Kvifor rasa heidningarne og lagde folki fåfengde råd?
Read all of Apostelgjerningane 4
Cross References
Psalms 2:2Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva:
Daniel 9:24Sytti vikor er fastsette for folket ditt og for den heilage byen din, innan brotet vert fullenda, og synderne tek slutt, og misgjerningarne vert sona, og ei æveleg rettferd førd fram, og innan syn og profetord vert stadfeste, og ein høgheilag heilagdom vert salva.
Luke 4:18«Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang,
Hebrews 1:9Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.»
Revelation 12:10Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen, som sagde: «Frå no eig vår Gud frelsa og krafti og riket, og den han salva, hev magti; for klagaren mot brørne våre er kasta ned, han som klaga deim for vår Gud dag og natt.
Revelation 17:17For Gud gav deim i hjarta å fullføra hans tanke og fullføra den eine og same tanken og gjeva dyret sitt rike, til dess Guds ord er fullførde.