Acts 7:32
«Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
33Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.
Cross References
Genesis 50:24Og Josef sagde med brørne sine: «No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp or dette landet til det landet som han hev lova Abraham og Isak og Jakob.»
Exodus 3:15Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.»
Exodus 33:20men», sagde han, «du kann ikkje få sjå andlitet mitt; for inkje menneskje som ser meg, kann liva.
Job 4:14Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;
Job 42:5Fyrr høyrd’ eg berre gjete deg, no ser eg deg med eigne augo.
Isaiah 6:1Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet.