Amos 1:14
So kveikjer eg eld i Rabbas mur, han skal øyda deira borger, medan herropet dunar i striden, og eit hardver på stormdagen blæs,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15og i landlysing kongen skal gå, han sjølv med hovdingarn’ saman, segjer Herren.
Cross References
Deuteronomy 3:11Og, kongen i Basan, var den siste som var att av kjempefolket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt Ammons-sønerne; ho er av jarnstein, og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.
2 Samuel 12:31Folket i byen slæpte han burt, og sette til arbeid ved sagbruki, med treskjevalsorne av jarn og med jarnøksarne, og let deim træla ved tiglomnarne. Soleis gjorde han med alle ammonitarne. So snudde David med alt folket heim att til Jerusalem.
Psalms 83:15Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
Isaiah 30:30Og Herren skal lata si velduge røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i vreid harm og øydande eldsloge, støytregn og sturtregn og hagl.
Ezekiel 21:25Og du vanheilage gudløysing, Israels fyrste, din dag er komen når misgjerningi ein gong lyt enda.
Daniel 11:40Men i endetidi skal kongen i Sudlandet til å stangast med honom; og kongen i Norderlandet skal storma fram mot honom med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma yver og breida seg ut.