Amos 2:10
Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Exodus 20:2«Eg er Herren, din Gud, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
Numbers 14:31Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, deim vil eg fylgja dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda.
Deuteronomy 1:20Då sagde eg til dykk: «No er de komne til Amoritarfjelli, som Herren, vår Gud, vil gjeva oss.
Deuteronomy 2:7For Herren, din Gud, hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom denne store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren, din Gud, vore med deg, og du hev ingen ting vanta.»»
Joshua 24:8So førde eg dykk inn til landet åt amoritarne, som budde austanfor Jordan, og dei stridde mot dykk, men eg gav deim i dykkar hender; de eigna til dykk landet deira, og eg rudde deim ut for dykk.