Amos 2:11
Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»
Cross References
Numbers 6:2«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når ein mann eller kvinna hev gjort ein heilag lovnad, og vigt seg til Herren,
Judges 13:4Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint!
1 Samuel 3:20Heile Israel frå Dan til Be’erseba skyna at Samuel var utvald til profet for Herren.
1 Kings 17:1Og Elia frå Tisbe, ein av deim som hadde flutt inn ifrå Gilead, sagde til Ahab: «So sant Herren, Israels Gud, liver, han som eg er i tenesta hjå, so skal det ikkje koma regn eller dogg i desse åri utan eg segjer det.»
1 Kings 19:16Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad.
1 Kings 20:35Men ein av profetsveinarne sagde til ein annan etter Herrens fyresegn: «Slå meg!» Men mannen vilde ikkje slå honom.