Amos 2:9
Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.
Cross References
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Numbers 13:28Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,
Numbers 21:23Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim.
Deuteronomy 1:28Gud betre oss, for eit land me skal fara upp til! Det var so hjarta kolna i oss då brørne våre kom att og sagde: «Det er folk som er større og sterkare enn me, og svære byar, med murar som rekk radt til himmels: og Anaks-sønerne såg me der og.»»
Deuteronomy 2:24«Gjer dykk reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!
Deuteronomy 9:1Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan, og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, svære byar med murar som når radt til himmels,