Amos 3:12
So segjer Herren: Som hyrdingen friar frå løvegap eit par bein ell’ ein øyrelapp, so bergast dei skal, dei Israels-søner, som i Samaria sit i sofa-krå, på putebenk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Høyr og vitna mot Jakobs hus! segjer Herren, Herren, allhers Gud:
Cross References
1 Samuel 17:34David svara Saul: «Tenaren din hev gjætt smalen til far; kom då ei løva eller ein bjørn og røva ein sau i flokken,
1 Kings 20:34Då sagde Benhadad til honom: «Dei byarne som far min tok frå far din, skal eg gjeva deg att, og du kann gjera deg gator i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» «Ja vel,» (svara Ahab) «på dei vilkåri skal eg gjeva deg fri». So gjorde han samband med honom og let honom fara.
2 Kings 16:9Assyrarkongen lydde honom, og assyrarkongen drog upp mot Damaskus, hertok byen og førde folket burt til Kir; og Resin slo han i hel.
Isaiah 17:1Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.
Isaiah 17:7På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage.
Amos 6:4På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.