Amos 3:6
Eller ljomar luren i by, utan at folket fær støkk? Eller hender ulukka i by, utan at Herren hev gjort det?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7For ikkje gjer Herren, Herren nokon ting, utan han tenarom sine, profetom, forkynner si løynråd.
Cross References
Genesis 50:20De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.
Isaiah 14:24Herren, allhers drott, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.
Jeremiah 4:5Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!»
Jeremiah 5:22Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
Jeremiah 10:7Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.
Hosea 5:8Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Etter deg, Benjamin!