Amos 4:10
Eg sende sotti på dykk liksom i Egypt. Eg drap dykkar gutar med sverd. Hestarn’ vart herfang. Eg let dykk illtev frå valen i nasarne få. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 9:3so skal Herren leggja si hand på feet ditt, som beiter på bøen, både hestar og asen og kamelar og naut og sauer, og søkja deim med ei øgjeleg drepsott.
Exodus 9:17Endå legg du deg i vegen for folket mitt, og vil ikkje lata deim fara.
Exodus 10:3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Exodus 12:29So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen.
Exodus 15:26Og han sagde: «Høyrer du vel etter ordi åt Herren, din Gud, og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle loverne hans, so skal du sleppa alle dei sjukarne, som eg hev lagt på egyptarane; for eg, Herren, vil vera lækjaren din.»
Leviticus 26:25eg sender eit sverd yver dykk, som skal hemna pakti de braut; og samlar de dykk i byarn’, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand.