Amos 5:11
Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Dei hatar den som refser for retten, styggjest ved den som talar sanning.
Cross References
Leviticus 26:16so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar.
Deuteronomy 28:38På åkrarne sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashopparne gneg brodden av.
Isaiah 5:7For vinhagen åt Herren, allhers drott, er Israels hus, og Juda-folket er hans kjæraste plantning; men når han venta lov, fann han rov, og når han venta rettferd, fann han uferd.
Isaiah 65:21Dei husi dei byggjar, skal dei sjølv få bu i, og dei vinhagarne dei plantar, skal dei sjølv eta frukti av.
Hosea 9:2Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim.
Amos 3:15Eg vinterstova hogg ned, sumarstova med. Filsbeinssalar skal falla, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.