Amos 8:9
Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 5:14Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt.
Isaiah 29:9Stir på kvarandre og vert øre! Gjer dykk blinde og vert blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk.
Jeremiah 13:16Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.
Amos 4:13For sjå: Han som lagar fjelli og skaper vinden, og ein mann sine tankar fortel, og myrker bryt til morgonljos, han som stig på jordheims haugar - Herren, allhers drott, er namnet hans.
Micah 3:6Difor skal natt koma yver dykk utan syn, og myrker utan spådom. Ja, soli skal ganga ned yver profetarne, og dagen skal verta myrk yver deim.
Matthew 27:45Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.