Amos 9:1
Ved alteret såg eg at Herren stod. Han sagde: Støyt til stolpen, so gåtterne skrell, lat det ramla nedyver kvar ein haus. Eg let deim som att er falla for sverd, ingen skal koma seg av, berga seg skal ikkje ein.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 18:18Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod på den høgre og den vinstre sida hans.
Isaiah 6:1Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet.
Isaiah 6:4Grunnen under dørstokkarne riste når ropet ljoma, og huset vart fyllt med røyk.
Isaiah 30:16De sagde: Nei, men på hestar vil me fljuga» - difor skal de fly - «og på snøggføtte vil me rida» - difor skal forfylgjararne dykkar verta snøgge -.
Ezekiel 1:28Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.
Ezekiel 10:4Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.