Amos 9:4
Um dei ver burtførde fangar under fiendehand, der skal eg bjoda sverd at det skal deim slå og augo mitt på deim skal sjå ilt og aldri mildt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 44:21Og du sagde til oss: «Kom hit til meg med honom, so eg fær sjå honom med mine eigne augo!»
Leviticus 17:10Og dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen, og rydja honom ut or folket hans.
Leviticus 26:36Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik rædsla i hjarta, med dei held til i fiendelandi, at ljoden av eit fjukande lauv skal skræma deim upp og jaga deim av, som når ein rømer for sverdet; dei skal falla, um ingen er etter deim.
2 Chronicles 16:9For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»
Psalms 34:17Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
Jeremiah 24:6Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.