Amos 9:6
Han hev i himlom sine høgsalar bygt, yver jordi reist sin kvelv. Han kallar vatnet or hav og auser det ned yver jord. Herren er hans namn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 7:11Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp.
Exodus 3:14Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni,» sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.»
Psalms 104:5Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
Jeremiah 5:22Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
Amos 5:8Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn.