Colossians 2:13
Ogso dykk, som var daude i dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han livande med honom, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 71:20Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi.
Isaiah 1:18Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren. Um synderne dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø. Um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som ull.
Jeremiah 31:34Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.
Luke 9:60«Lat dei daude jorda sine daude,» sagde Jesus, «men gakk du i veg og forkynn Guds rike!»
Luke 15:32Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»
John 6:63Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv;