Colossians 3:13
so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
Cross References
Matthew 6:12og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;
Matthew 18:15Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;
Mark 11:25Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar!
Luke 6:35Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.
Luke 11:4og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.»
Luke 23:34Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim.