Colossians 3:16
Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!
Cross References
Deuteronomy 11:18So legg dykk då desse ordi mine på hjarta og minne! Bind deim på handi til merke, og ber deim som hovudband yver augo!
1 Kings 3:28Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.
Nehemiah 12:46for alt i gamall tid, i Davids dagar, og songarhovdingen Asafs dagar, ljoda lovsongar og takkesongar til Gud.
Psalms 28:7Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song.
Psalms 32:7Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.
Psalms 63:4For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.